Tidligere aktivitet

Snåsa Ungdomsklubb inviterer alle til dugnad!

Logo
Arrangeres av:

Heile veke 16 er det dugnadstid på Ungdommens Hus.

Vi oppfordrar alle på Snåsa, uavhengig av alder, til å kome og bidra så ungdommane på Snåsa får eit godt tilbod i mange år framover.

I løpet av veka skal vi blant anna byte tak og nokre vindauge, kaste søppel og skrot, reparere golv og setje inn dører inne, fikse opp litt på utearealet, reparere veggar, rive ut rote treverk i kjellaren og vi skal fikse skaterampe. Og vi skal vaske bort årevis med skit og støv…

Det vil vere dugnadsaktivitet heile veka, så det skal vere mogleg for alle å ta seg ein tur!

Måndag 13. april – fredag 17. april kl. 14.30-20.00

Laurdag 18. april kl. 11.00-16.00

Med oss på laget har vi allereie Byggmester Øien, med Jan Åge Øien i spissen.

Vi håpar alle på Snåsa dukkar opp, både for å hjelpe til og for å vere nysgjerrig og helse på!

Ta gjerne kontakt:

Ingveig Bustad Hegland, ungdomskulturarbeidar: 481 95 458

Jan Åge Øien, dugnadsleiar på det byggfaglege: 900 79 528

Kategori
Debate

Kopier lenke for å dele til Facebook-grupper

April 13, 2026, 12:30 — April 18, 2026, 14:00

Praktisk informasjon

Sted:Ungdommens hus
Adresse:Niels Muus Veg 23, 7760 Snåsa, Norge
Kontaktperson:

Ta gjerne kontakt om du lurer på noe.

Kart